Blog

Verdsbanken gir kriselån på over 2 milliardar til Libanon
Libanon

Verdsbanken gir kriselån på over 2 milliardar til Libanon

Verdsbanken har gitt grønt lys for eit kriselån på rundt 2 milliardar kroner som skal gå til rundt 800.000 personar som lir av krisa i Libanon.

Kriselånet skal òg støtte utviklinga av eit nasjonalt tryggingsnett i Libanon, som sleit med ei økonomisk krise allereie før koronakrisa ramma landet.

Nesten halvparten av befolkninga har som følgje av krisene vorte kasta inn i fattigdom.

Ifølgje ei fråsegn frå Verdsbanken skal lånet brukast til å støtte 147.000 fattige hushald i landet i eit år. Hushalda utgjer rundt 786.000 personar. Lånet skal òg bidra til at 87.000 barn mellom 13 år og 18 år skal få støtte til direkte kostnader knytte til skulegang.

(©NPK)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *