Blog

Koronanedstenging i Libanon
Libanon

Koronanedstenging i Libanon

Torsdag starta den elleve lange dagar nedstenginga i Libanon, for å hindre auken i koronasmitte.

Nedstenginga inkluderer eit forbod mot at arbeidarar som ikkje jobbar med noko kritisk, kan gå utanfor heimane sine, og butikkar får berre levere varene sine. Det aukar frykta for matmangel i fattige og fjerntliggjande regionar der varelevering ikkje er tilgjengeleg.

Etter at styresmaktene letta på restriksjonane ved juletider, har smitten auka kraftig. Ei delvis nedstenging frå 7. januar hindra ikkje auken.

Totalt er det registrert 231.936 koronatilfelle sidan februar i fjor, inkludert 1.740 dødsfall.

(©NPK)

ref.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *